Sunnhordland

Å utvikla ein trygg, lønsam og attraktiv arbeidsplass gjennom medieformidling med hovudfokus på kommunane Stord og Fitjar – og med kommunane Kvinnherad, Bømlo og Tysnes som tilleggsmarknad. Sunnhordland skal formidla pålitelege og representative nyhende, reklame og anna informasjon gjennom mediekanalen Sunnhordland.
Sunnhordland skal kvalitetsmessig vera ein leiande mediekanal på Vestlandet, og i Sunnhordlandsregionen.

Sunnhordland

Redaktørens tilbakeblikk

Magne Kydland

Sunnhordland

Nettadresse www.sunnhordland.no
Utgivelsessted/hovedkontor Stord
Klagesaker til PFU 1
Fellelser PFU 0
Frekvens Ikke relevant
Opplag papir 6559
Lesere papir 20000
Brukere nett 10000
Antall redaksjonelle årsverk 10
Prosentandel redaksjonelle årsverk 28
Egne interne etiske retningslinjer Nei
Egen etikkansvarlig? Nei
Antall redaksjonelle sider 4996
Prosent redaksjonelle sider 70
Antall lederartikler 251
Antall kommentarer på papir skrevet av egne medarbeidere 20
Antall kommentarer fra faste gjesteskribenter 0
Er det innført betalingsløsning på nett? Ja
Antall lederartikler publisert på nett 251
Antall kommentarer skrevet av egne medarbeidere publisert på nett 20
Publiserer mediehuset egen årsrapport Nei

Oppdrag utført:

 
 I fjor hadde me ein artikkelserie om dopbruk blant unge.
Det starta med observasjonar ein ung journalist hadde gjort seg i utelivet i helgane, og ein telefonsamtale med Utekontakten viste at dei hadde ein rapport på trappene som viste ei dramatisk auke i bruk av anabole steroid blant unge. Samstundes fortalde politiet at dette var eit stort problem for dei, med aukande vald i sentrum, og at dei trudde mykje av det kom frå ungdom fulle av testosteron, som oppførte seg som brunstige oksar. Kor unge folk som faktisk dreiv med det kom først fram etter intervjuet med Utekontakten.

Med den knaggen å henga det på fann me ut at det ikkje var nok dekka det med ein tosiders artikkel, og gjorde det heller til ein artikkelserie over fem dagar, der ein og tok for seg lokale idrettsheltar si haldning til doping, korleis treningssentera såg på det (der spesielt det eine treningssenteret gjekk knallhardt ut for å kvitta seg med desse ungdommane), apoteket som selde sprøyter i kartongvis til unge og Haugaland A-senter som prata om dei farlege biverknadane.
 
Eitt av måla med artikkelserien var å få foreldre til å bli oppmerksomme, og kanskje sjå litt bak haldninga om kor flinke sønene er til å trena, og forhåpentlegvis sjå farane. Ein ville og stikka hol på juksemusklane ved å visa at det kanskje ikkje er kult utanføre det aktuelle miljøet.

Resultat, i ettertid.
Utover i 2013 har me hatt mange fleire artiklar på trykk om dette, og artikkelserien førte til at ting byrja å skje, både på treningssenter og i det kommunale systemet.
Siste ord er heller ikkje sagt, og det vil komma fleire artiklar i 2014. Seinast i dag (21/1-14) hadde me nok ei sak om eitt av treningssentra som meiner dei har klart å kvitta seg med alle dop-brukarane. Og snart kjem ny dopingrapport.

Utfordringer:

 
 I artikkelserien om dopbruk valde me bevisst å la fleire jobba med saka/felles byline - av frykt for represaliar. Dette gjaldt den unge journalisten, som hadde ideen og som jobba mest med saka. Han fekk ikkje direkte truslar, men fekk vita at han burde vera forsiktig dersom han skulle på byen, for det var mange i miljøet som likte lite at me skreiv om dette.

Utvikling:

 
 Digital betaling, som gjer at alle har fått eit mykje større fokus på å levera til alle plattformer, også meir fokus på levande bilete, og å kommunisera med lesarane via sosiale medier.

Priser:

  Journalist Anita Haugland: Heiderleg omtale LLA, journalistprisen
Fotograf Per Egil Larsen årets bilete LLA
Journalist Kjetil Østrem (+ grafisk), Heiderleg omtale (excellense), Årets sportssak MBL
Redaksjonen + grafisk: Årets avisside LLA
Vidar Hope, Magne Kydland, Arils Skjæveland, Anders Totland: To heiderlege omtalar, Haugesund Journalistlag sin journalistpris 2013

Bilder:

  • Foto: Frå lokalvalet Foto: Per Egil Larsen
    Eitt av mange bilete og reportasjar der me dokumenterte valet hausten 2013. Dette er frå utkantstroka i Fitjar kommune, der det bur mange eldre folk, som her står utanfor vallokalet på bygda sin nedlagde skule, som fungerer som bygdahus for Strando i Fitjar. Dei eldre mobiliserte for dei kristne verdiane, som dei meinte mange parti ikkje lenger bryr seg om. Foto: Per Egil Larsen
  • Foto: Håvard Tvedten leverer ungar i barnehagen.Foto: Per Egil Larsen
    Frå reportasjetur til Aalborg, der me kom tett på og følgde Håvard Tvedten både i kvardagen og fotballbanen. Her leverer han ungane i barnehagen før dagens første trening. Foto: Per Egil Larsen
  • Foto: Opprykksjubel i Stord fotball. Foto: Per Egil Larsen
    Ellevill jubel då Stord sitt fotballag endeleg rykte opp att i det gode selskap – 2. divisjon. Dei låg lenge under i siste seriekamp mot Vardeneset, men var sikra opprykk ved uavgjort. Difor var jubelen stor då Kristian Magnussen utlikna. Foto: Per Egil Larsen