På Høyden

Redaktørens tilbakeblikk

Dag Hellesund

På Høyden

Nettadresse pahoyden.no
Utgivelsessted/hovedkontor Bergen
Klagesaker til PFU 0
Fellelser PFU 0
Frekvens Ukeblad
Brukere nett 12276
Antall redaksjonelle årsverk 3
Prosentandel redaksjonelle årsverk 0
Egne interne etiske retningslinjer Ja
Egen etikkansvarlig? Ja
Antall redaksjonelle sider 0
Prosent redaksjonelle sider 0
Antall lederartikler 0
Antall kommentarer på papir skrevet av egne medarbeidere 0
Antall kommentarer fra faste gjesteskribenter 0
Er det innført betalingsløsning på nett? Nei
Er det planer om å innføre betalingsløsning i løpet av 2013? Nei
Antall lederartikler publisert på nett 3
Antall kommentarer skrevet av egne medarbeidere publisert på nett 0
Publiserer mediehuset egen årsrapport Nei

Oppdrag utført:

 Rektor ved Universitetet i Bergen styrer over 3,5 milliardar offentlege kroner, og er vald av dei tilsette og studentane. Då treng ein òg debattforum og uavhengig journalistikk.
Våren 2013 stilte Kuvvet Atakan og Dag Rune Olsen til rektorval ved UiB. Olsen vann, etter ein lang og jamn valkamp. Valet var tema i over 70 artiklar og innlegg i På Høyden. Saka om at universitetsleiinga ikkje ville levere ut lister som kunne gjort det muleg å lage meiningsmåling er ei av mange.

http://pahoyden.no/2013/04/lurer-du-pa-kven-som-ligg-best-i-rektorvalet

Utfordringer:

 Står du for nær kjeldene kan det vere vanskeleg å halde seg uavhengig.
For ein redaksjon på tre tilsette som har ein organisasjon som Universitetet i Bergen som arbeidsfelt, kan det fort bli for tett kontakt mellom leiinga i organisasjonen og redaksjonen. Men som denne saka viser kan det òg bli vanskeleg dersom tilhøvet mellom redaksjonen og leiinga periodevis blir anstrengt. Kritisk journalistikk vil ofte rette seg mot den ansvarlege leiinga, og det trengst ei stor grad av profesjonalitet frå begge sider.

http://pahoyden.no/2013/06/leiar-bak-lukka-d%C3%B8rer

Utvikling:

 Etter 12 år utan utvikling er ei nettavis nærare ein plass på museum enn ei levande nettavis. 1. oktober 2013 blei På Høyden «2.0» endeleg lansert. Moderne design, responsiv design som tilpassar seg alle typar skjermar, gode debattverktøy med lesarkommentarar, integrasjon med sosiale medium og enkel administrasjon har vore viktig. Tilbakemeldingane frå lesarane har vore svært gode, og den Drupal-baserte løysinga fungerer kvar dag. Dessutan er løysinga lagd i open kjeldekode, slik at det kan byggast vidare på. Den gamle løysinga ligg på gnyheter.uib.no.

pahoyden.no