Nordre

 Selskapet skal ha til formål å utgi og drive lokalavisa Haramsnytt og eventuelt anna verksemd som fell naturleg under drifta.

Nordre

Redaktørens tilbakeblikk

Robin Røkke Johansen

Nordre

Nettadresse www.nordrenett.no
Utgivelsessted/hovedkontor Brattvåg
Klagesaker til PFU 0
Fellelser PFU 0
Frekvens Dagsavis
Opplag papir 2471
Antall redaksjonelle årsverk 4
Prosentandel redaksjonelle årsverk 8
Egne interne etiske retningslinjer Nei
Egen etikkansvarlig? Nei
Antall redaksjonelle sider 2112
Prosent redaksjonelle sider 75
Antall lederartikler 96
Antall kommentarer på papir skrevet av egne medarbeidere 0
Antall kommentarer fra faste gjesteskribenter 0
Er det innført betalingsløsning på nett? Ja
Antall lederartikler publisert på nett 0
Antall kommentarer skrevet av egne medarbeidere publisert på nett 0
Publiserer mediehuset egen årsrapport Nei

Oppdrag utført:

 Eg vil trekkje fram saka skrive av forgjengaren min, Ole Reinlund, om kyrkjegarden på Longva, der det kyrkjelege fellesrådet rydda bort vakre, gamle gravsteinar utan å vurdere kulturverneverdien av dei. Fellesrådet hadde heller ikkje søkt Riksantikvaren om løyve til å ta ned steinane, slik dei skal.

Ei lokal kjelde meiner det er kritikkverdig at slektningar ikkje har fått moglegheit til å gjere noko med at steinane vert fjerna. Dette skulle vore gjort kjent i bygda, meinte han.

Mange har sterke kjensle knytt til gravstaden, og det er pressa sin oppgåve å påpeike det når eit kyrkjeleg organ fer fram på denne måten. Etter avisa si dekning av saka, har fellesrådet stansa ryddinga, og det vert no starta registrering av alle 2000 gamle graver i kommunen. Dei skal sjå om steinar lyt få stå vidare.

Utfordringer:

 Alle tre dekningskommunane til Nordre har ein utfordrande økonomisituasjon, men øykommunen Sandøy er i ei særstilling, fordi kommunen har krympa mykje dei siste tiåra. Kvar einaste arbeidsplass som vert lagt ned, betyr at det kan flytte ein familie til fastlandet.

Den nye rådmannen varsla tidleg at her skal ein kome i balanse med kommuneøkonomien, og leggje grunn for framtidige investeringar. Dette går ut over nokon, og spørsmålet vart korleis ein skal dekke at det går mot oppseiingar i kommunestaben, skolen og barnehagen. Det er ikkje mange alternative arbeidsplassar i Sandøy kommune.

Vi fekk ikkje berre godord då vi skreiv tydeleg om kva som er i ferd med å skje. Avisa tek motet frå innbyggjarane, var det nokon som meinte. Mange meiner at negative oppslag styrkar flyttestraumen.

Vi har sjølvsagt likevel dekt kuttprosessen så tydeleg som vi kan. Vi meiner at folk lyt få lese fakta, og så får vi også vere flinke til å vise dei positive sidene med samfunnet, sånn at det vert balanse i dekninga.

Utvikling:

 Nordre har skifta namn frå Haramsnytt til Nordre. Vi starta også ei nettavis med betalingsmur, nordrenett.no. Avisa har nedbemanna. Ikkje noko har gitt applaus, men alt var naudsynt.

Bilder:

  • Foto: Ole Reinlund
    Leif Flem på Longva leiter etter sine i ein haug med gravsteinar som kyrkjeleg fellesråd plukka inn frå gravplassane.