Åmliavisa

Selskapet sitt føremål er å gje ut ei uavhengig lokalavis med hovudvekt på det geografiske området Åmli kommune. Lokalavisa skal vere eit frittståande og partipolitisk nøytralt organ. Avisa skal ha eit positivt fokus, men den skal òg våge å ta opp kontroversielle saker.

Åmliavisa

Redaktørens tilbakeblikk

Esben Holm Eskelund

Åmliavisa

Nettadresse www.amliavisa.no
Utgivelsessted/hovedkontor Åmli
Klagesaker til PFU 0
Fellelser PFU 0
Frekvens Dagsavis
Opplag papir 1363
Antall redaksjonelle årsverk 1
Prosentandel redaksjonelle årsverk 0
Egne interne etiske retningslinjer Nei
Egen etikkansvarlig? Nei
Antall redaksjonelle sider 600
Prosent redaksjonelle sider 0
Antall lederartikler 48
Antall kommentarer på papir skrevet av egne medarbeidere 2
Antall kommentarer fra faste gjesteskribenter 48
Er det innført betalingsløsning på nett? Nei
Er det planer om å innføre betalingsløsning i løpet av 2013? Nei
Antall lederartikler publisert på nett 0
Antall kommentarer skrevet av egne medarbeidere publisert på nett 0
Publiserer mediehuset egen årsrapport Nei

Oppdrag utført:


Åmliavisa sin frilansjournalist Nils Mosberg oppdaga ved slump då han var innom rådhuset i Åmli kommune i slutten av oktober for å gjere eit intervju, at formannskapet var samla til møte. Det viste seg å vere eit møte om budsjettet for 2014, som ikkje var innkalla til på vanleg måte. Ved to høve skjedde dette i samband med budsjettprosessen i kommunen førre året.
Medlemmene hadde rett nok fått ei innkalling, men det vart ikkje offentleggjort saksliste og møtetidspunkt på førehand. I praksis kunne ikkje publikum og presse vite om møta.

Både rådmann Bjarte Nordås og ordførar Reidar Saga (Ap) i Åmli karakteriserte seinare dei to møta som uformelle arbeidsmøter. Men møta var ikkje mindre formelle enn at deltakarane fekk møtegodtgjersle og ein politikar som ikkje sit i formannskapet, vart invitert til å delta.

Avdekkinga av denne spesielle saka førte til ein kommentarartikkel i Åmliavisa, skriven av Mosberg, publisert 21. november med tittelen «Den (vid)underlige budsjettprosessen), kor han poengterer at budsjettforslaget for 2014 i Åmli kommune ikkje er rådmannens forslag til budsjett, men formannskapets forslag til budsjett -. politikarane gjer altså råd til seg sjølv.

Saka vekka interesse for Kommunal Rapport, som hadde ei sak om ein tilsvarande praksis i Skedsmo kommune, og bladet omtalte også saka frå Åmli og intervjua ordførar Saga, som uttalte at han ikkje trudde dei var på tynn is i saka. Den er referert i Åmliavisa 9. januar i år og er vedlagt her.

30. januar i år kunne Åmliavisa melde at rådmann Bjarte Nordås la fram eit forslag til revidert budsjettprosess, og at alle møter i formannskapet skulle offentleggjerast på vanleg måte. Han understreka i eit skriftleg notat til politikarane at det aldri vart gjort noko forsøk på å stengje dørene under budsjettprosessen i fjor haust, men vedgår samtidig at møta ikkje vart annonsert på vanleg måte, så alle som ynskjer å møte opp kan det.

Dette meiner eg har vore ein vellykka artikkelserie fordi Åmliavisa har avdekka at politikarane og administrasjonen i kommunen ikkje har følgt spelereglene, og burde ha sjekka lovverket. Det har ført til at feil er vedgått, og til ei endring i møterutinane i kommunen. Så får vi jo håpe at det vert den vidare praksisen.

Serien gjekk då Peter Svalheim var redaktør i Åmliavisa.

Utfordringer:

Korleis kverkar ein bygdedyret?
Ein haustdag i 2013 kom ein person inn i redaksjonen og klaga på diverse forhold i ein av dei lokale matvareforretningane i bygda. Vedkommande meinte leiinga i butikken var å klandre, og at det ikkje var vanskeleg å sjekke ut og slå fast at noko måtte gjerast og at ingenting var gjort.

Det var ein sak vi ikkje berre kunne gå laus på utan vidare då vedkommande tipsar ikkje ville fronte saka som open kjelde. Vi la tipset til side, då det berre var skuldingar.

I staden fekk vi ein historie kor butikksjef Thomas Nordhagen fortel at han skal slutte i jobben som butikksjef, fordi han ikkje orker meir. Bygdedyret var laus i digital utgåve. Nordhagen fortel at han har motteke fleire namnlause e-postar med tekst som: «Jeg blir kvalm av å gå inn i denne butikken. Butikken er full av dritt. Du har ødelagt hele butikken. Jeg skjønner godt at Åmli-folk ikke vil handle her».

Dette var ei utfordrende sak fordi redaksjonen fekk servert mange påstander som måtte sjekkast ut. Dei lot vi ligge.

I staden meinte vi det var viktig å fortelje historia om butikksjefen som slutta etter få månader i stillinga mellom anna på grunn av ondsinna og stygge namnlause e-postar. Vi fekk lufta ut bygdedyret og totalt sett vart det ein helt anna vinkling på butikk-historia enn det kunne ha vore.

Saka vart publisert då Peter Svalheim var redaktør for Åmliavisa.

Utvikling:

 

Priser: