Nordre

Verksemda skal ha til formål å gje ut og drive lokalavis og eventuelt anna verksemd som fell naturleg under drifta.

Nordre

Redaktørens tilbakeblikk

Robin Røkke Johansen

Nordre

Nettadresse http://www.nordrenett.no/
Utgivelsessted Brattvåg
Antall redaksjonelle årsverk 3
Opplag totalt 2352
Klagesaker til PFU 0
Fellelser PFU 0
Prosentandel redaksjonelle årsverk 0
Egne interne etiske retningslinjer Ja
Egen etikkansvarlig? Ja
Antall redaksjonelle sider 2412
Prosent redaksjonelle sider 75
Antall lederartikler 0
Antall kommentarer på papir skrevet av egne medarbeidere 0
Er det innført betalingsløsning på nett? Ja
Publiserer mediehuset egen årsrapport Nei

Oppdrag utført:

Heilt sidan Haramsnytt skifta namn til Nordre i 2013, har det vore surmuling frå konservative lesarar som saknar gamlenamnet. Enkelte meiner at Nordre ikkje er noko avisnamn. 

Difor var det ei glede å bringe nyhenda om at avisa lyttar til sine lesarar, og skiftar tilbake til Haramsnytt. 

Årsaka var at det nye namnet aldri fekk skikkeleg feste. Underteikna var intervjua. «Fyrst trudde vi det skulle gå seg til. Men det er ei grense for kor lenge vi kan leve med at folk ikkje skjøner kva vi er, seier Johansen. Redaktøren er trønder, og fortel at ein gong var det ei kjelde som trudde Johansen ringte frå den kjende gågata Nordre i Trondheim, og misforståinga vart oppdaga først i slutten av samtala. – Vi måtte berre byrje intervjuet på nytt». Ein annan fordel var gjenbruk av gamle brevark og konvoluttar på lageret, at det «sånn sett har vore eit visst miljøperspektiv når styret gjorde namnevedtaket, sidan ein kan bruke produsert materiell».

Redaksjonen fekk overveldande mange positive reaksjonar på det framifrå valet vårt, etter dette oppslaget, som altså kom ut 1. april. Seinare kom det nokre sure.

Utfordringer:

Det høyrer med til jobben å skrive om alvorlige ulykker i lokalsamfunnet. Ein 19-åring døydde i ei aleineulykke med høg fart. Etter redaksjonens syn vart saka dekt på ein nøktern måte. Men dekninga har gitt ein god del sterke reaksjonar som kan vere vanskelig å forholde seg til.

Utvikling:

Jaudå, den økonomiske utviklinga har vore bra, og vi går med overskot igjen. Oppskrifta er hemmeleg.

Bilder:

  • Foto:
    Det er måndag kveld. Snøen har lagt seg, og dei fleste kundane har gått heim for dagen. Tre studentar tek seg til tilsettinngangen bak butikken. Her er avfallskonteinaren. Dei opnar rutinert luka, men stønnar vantru over synet. Dei synest det er kjekt med gratis mat, men synest også at det er forferdeleg med all maten som vert kasta. Dei kan ikkje skjøne at nokon skulle trenge å svelte i Noreg. Foto: Robin Røkke Johansen (Frå reportasje i Nordre 19/12 2014)
  • Foto:
    Navnebyttet fra Haramsnytt til Nordre har vakt sterke reaksjoner blant leserne. Derfor var det mange som gledet seg over denne saken i 2014. Men utgivelsesdatoen var altså 1. april...