Selskapet sitt føremål er å gje ut avisa Kvinnheringen og å driva handelsverksemd og anna verksemd som står i samband med dette. Avisa skal vere ei politisk uavhengig lokalavis.
Redaktørens tilbakeblikk
Tomas Bruvik
Kvinnheringen
Nettadresse | www.kvinnheringen.no |
Utgivelsessted | Husnes |
Antall redaksjonelle årsverk | 6 |
Daglige brukere nett | 3200 |
Daglige brukere mobil | 1600 |
Lesere papir | 9000 |
Lesere totalt | 12000 |
Opplag totalt | 4143 |
Opplag papir | 4089 |
Opplag digitalt | 56 |
Klagesaker til PFU | 0 |
Fellelser PFU | 0 |
Prosentandel redaksjonelle årsverk | 50 |
Egne interne etiske retningslinjer | Nei |
Egen etikkansvarlig? | Ja |
Antall redaksjonelle sider | 2400 |
Prosent redaksjonelle sider | 70 |
Antall lederartikler | 30 |
Antall kommentarer på papir skrevet av egne medarbeidere | 0 |
Er det innført betalingsløsning på nett? | Nei |
Er det planer om å innføre betalingsløsning i løpet av 2013? | Ja |
Publiserer mediehuset egen årsrapport | Ja |
Oppdrag utført:
Tidleg hausten oppdaga Kvinnheringen at kommunen ønskte å byggja ein «getto» med 20 husvære for rusmisbrukarar og flyktningar i saman.
I sakspapira stod det at «fagfolk» var positiv til dette, og at dette var bra for både brukargruppene og lokalsamfunnet.
Vi kontakta «fagfolk» i kommunen, flyktningtenesta, rusomsorga og lensmann. Vi kontakta og brukargruppene, flyktningar og rusmisbrukar.
Ingen av desse, absolutt ingen såg seg tente med å få bygd desse bustadene eller samla desse menneska på same plass. Ei heller var «fagfolka» spurde.
Rådmannen ville ikkje seia noko om kva «fagfolk» han hadde snakka med, men stod fast på at dei hadde rådført seg med «fagfolk».
Gjennom fleire reportasjar skreiv Kvinnheringen om denne saka, der fleire journalistar var involvert. Det enda med at saka vart stogga politisk i formannskapet, og send tilbake til ny handsaming i byråkratiet. Då saka kom tilbake til politikarane var rådmannen si tilråding at ein ikkje burde byggja ein felles «getto».
I staden vil ein kjøpa/byggja fleire mindre hus rundt om i kommunen, slik alle fagfolka og brukargruppene som Kvinnheringen snakka med tilrådde.
Vi meiner vi her har teke samfunnsansvar med omsyn til dei svakaste gruppene i samfunnet. Dei gruppene som elles gjerne ikkje kjem til orde og får sagt sitt, og dei vi i avisene verkeleg er til for. Vi har snakka med dei, og dei får det slik dei ønskjer.
Truleg hadde dette vore ei sak som berre hadde glidd gjennom «systemet» om det ikkje var for lokalavisa.
Utfordringer:
Utvikling:
Det er jamt ei utfordring å heile tida gjera ein god nok jobb med omsyn til samfunnsoppdraget vårt, men vi prøver så langt det let seg gjera. Ideelt sett skulle vi nok hatt tid til å gå djupare inn i ein del saker, men slik verda er så blir ikkje tida alltid god nok. Det siste året har vi jobba for å vera nær lesarane og ta både redaksjonelle og grafiske grep, og ikkje minst våga å vera tøffe både med omsyn til innhald og utforming av avisa. Vi bruker tid på å laga dei gode reportasjane, og gjev dei plass i spaltene. Vi prøver og å tenkja nytt med omsyn til framsider når det gjeld nyhende.
Priser:
– Årets næravis i Amedia
– Journalistprisen til Mona Grønningen for Hauglandet journalistlag.
– Årets lokalavisside, Landslaget for Lokalaviser.
– Heiderleg omtale årets lokalavisfoto, Landslaget for Lokalaviser.
– SNDS – Honorable mention, framside.
– European Newspaper Design, fire prisar