Fjordingen

Fjordingen skal vere først ute med dei viktigaste nyhende for og om folk i området vi dekkjer.

Fjordingen

Redaktørens tilbakeblikk

Bengt Flaten

Fjordingen

Nettadresse http://www.fjordingen.no/
Utgivelsessted Stryn
Antall redaksjonelle årsverk 6
Daglige brukere nett 3000
Daglige brukere mobil 3000
Lesere papir 12000
Opplag totalt 3863
Opplag papir 3736
Opplag digitalt 140
Klagesaker til PFU 0
Fellelser PFU 0
Prosentandel redaksjonelle årsverk 0
Egne interne etiske retningslinjer Ja
Egen etikkansvarlig? Ja
Antall redaksjonelle sider 3048
Prosent redaksjonelle sider 0
Antall lederartikler 136
Antall kommentarer på papir skrevet av egne medarbeidere 0
Er det innført betalingsløsning på nett? Ja
Publiserer mediehuset egen årsrapport Ja
Rapport på nett Gå til nettversjonen

Oppdrag utført:

Helse. Manglande avklaring mellom helseføretaka gjer at pasientar frå indre Nordfjord må bryte regelverket for å nytte seg av næraste akuttsjukehus som ligg i Volda. Etter at akuttberedskapen vart avvikla ved Nordfjord sjukehus er Førde sentralsjukehus akuttsjukehuset for heile fylket. Men etter opninga av Kvivsvegen i 2012 har Volda sjukehus kome betydeleg nærare. I dag er det 25 minutt køyring mellom Hornindal og Volda, medan køyretida Hornindal-Førde er over to timar. Like fullt meiner Helse Førde at akutte pasientar i hovudsak skal velje Førde og ikkje Volda som ligg i nabohelseføretaket.

Sjukehusforkjemparar og lokalpolitikarar i Nordfjord har kjempa for å få til eit samarbeid mellom helseføretaka som set pasienten sitt beste i fokus. Dette har vore ei viktig sak der Fjordingen har tona flagg på leiarplass fleire gonger gjennom 2014.

 

Skule og næringsliv. Stryn vidaregåande skule overlevde fylkesrådmannens nedleggingsforslag og vart berga av eit samrøystes fylkesting. Ikkje minst takka vere hard kamp lokalpolitisk, og med sterk støtte frå næringslivet. Stryn er den fjerde største kommunen i Sogn og fjordane, og den vidaregåande skulen vert sett på som ein svært viktig del av samfunnshjulet i indre Nordfjord.

Året etter at kampen om å berge skulen vart krona med siger, er samarbeidet mellom skule og næringsliv fokusert breitt. Lokalavisa har vore og er ein viktig arena for å synleggjere skulen sin posisjon og rolle. Ikkje minst opp mot eit næringsliv som er allsidig og robust.

Utfordringer:

Samferdsel. Veg og vegbygging engasjerer stort. Hausten 2012 vartKvivsvegen opna. Vegen bind indre Nordfjord saman med søre Sunnmøre, og vart bygd som ein del av den framtidige E39. Likevel var det stor politisk strid og kraftig usemje mellom kommunane i Nordfjord om kvar E39 skal gå vidare. Nokre kommunar ville og ha omkamp og flytte den nybygde E39 tilbake til den parsellen som vart avløyst.

Vegdebatten har vore ein klassisk debatt der lokalavisene er viktige arenaer for å få fram ulike synspunkt. På leiarplass, i redaksjonelle saker og på lesarbrevplass gjekk debatten varm heilt til samferdsleministeren sette foten ned og bestemte endeleg linjeval i juni 2014. Det vart ikkje flytting av ein nybygd veg, men vidare utbygging av den linja som vert kortast og rimelegast, og som gjer E39 til den hovudferdselsåra han er meint å vere.

Også fullføring av fv 60 mellom Olden og Innvik har vore stort stridstema i 2014. Avklaringa i form av vedtak om fullføring kom så seint som i desember. I same møte vedtok fylkestinget også eit viktig rassikringsprosjekt som skal gje bygda Flo rassikker veg mot kommunesenteret.

Ved utgangen av 2014 er det framleis eit ope spørsmål når og korleis rv 15 Strynefjellsvegen skal bli rassikra. Samferdsleministeren har sagt at han ikkje vil bruke pengar på løysingar som er meint å vare berre nokre år. Håpet lokalt og regionalt går ut på å erstatte dagens tre tunnelar med ein lang tunnel. Denne vil eliminere rasfare og problema tungtrafikken har i den bratte stigninga opp mot fjellet vinterstid.

Utvikling:

Journalistfagleg utvikling:

  • Fortløpande fokus på å skrive poengtert og informativt, og med gode bilde som illustrerer sakene godt.
  • Fokus på eit moderne nynorsk som samsvarar med folk sin daglegtale.
  • Kritisk journalistikk der avisa set dagsorden.
  • Meiningsberande leiarar som ofte er kritiske, av og til rosande, men som og skal setje dagsorden.

Redaksjonell årsrapport:

Gå til nettversjonen

Bilder:

  • Foto:
    Statsråd Ketil Solvik-Olsen opna siste del av E39 mellom Grodås og Volda 14. juni 2014. Veka før bestemte han at framtidig E39 skal følgje indre linje gjennom Hornindal, med fjordkryssing i Stryn og tunnel gjennom Utvikfjellet. Foto: Bengt Flaten
  • Foto:
    Ronny Haugen og Egil Seljeset feira julaftan på nær 1.600 meters høgde i Antarktis. (Foto: Egil Seljeset)
  • Foto:
    Stryn sommerskisenter vart slått konkurs etter ein særs kort sesong 2014. (Foto: Emil Eriksson)