"Har ikke."
Redaktørens tilbakeblikk
Konstituert redaktør Guro Vollen
Vigga
Nettadresse | http://www.vigga.no |
Utgivelsessted/hovedkontor | Dombås |
Klagesaker til PFU | 0 |
Fellelser PFU | 0 |
Frekvens | Dagsavis |
Opplag papir | 2265 |
Antall redaksjonelle årsverk | 4 |
Prosentandel redaksjonelle årsverk | 83 |
Egne interne etiske retningslinjer | Nei |
Egen etikkansvarlig? | Ja |
Antall redaksjonelle sider | 1220 |
Prosent redaksjonelle sider | 80 |
Antall lederartikler | 48 |
Antall kommentarer på papir skrevet av egne medarbeidere | 0 |
Antall kommentarer fra faste gjesteskribenter | 0 |
Er det innført betalingsløsning på nett? | Nei |
Er det planer om å innføre betalingsløsning i løpet av 2013? | Nei |
Antall lederartikler publisert på nett | 0 |
Antall kommentarer skrevet av egne medarbeidere publisert på nett | 0 |
Publiserer mediehuset egen årsrapport | Nei |
Oppdrag utført:
Vigga fylte 25 år i 2012, og har feira med ei jubileumsavis i påskeutgåva, samt ei fotokonkurranse. Vigga har hatt det same målet som før for auga, nemleg å vera ei god lokalavis, ikkje alltid fyrst ute med ting, men vi skal dekkje sakene tett på, og på ein god måte.Vi har lagt vekt på å ha portrettliknande saker med nokon i kvar utgåve, med mottoet: alle har ei historie.
Vidare har vi lukkast betre enn tidlegare med fordelinga av stoff, ved å fordele type saker som kan førehandsproduserast etter ein fast turnus. Nettsida vår har fått ei oppgradering i løpet av året, og vi freistar å gå inn på fordeling av saker som skal til nett i løpet av veka imellom papirutgåvene. Vanskeleg vurderingssak kor mykje som skal ut, kva som skal ut, og korleis (brukar ofte teaser til magasinsaker).
Vi har hatt nokre utfordringar fordi fleire redaksjonelle medarbeidarar, inkludert redaktør, har vore ute i permisjon. Samstundes har konstituert redaktør teke kurs i vekesamlingar.
I 2012 har vi særleg ei sak som kom opp på nasjonalt hald fyrst, omkring teieplikt og påståtte uheldige uttaler i eit lukka formannskapsmøte. Vi freista å dekkje den på ein meir etteretteleg måte lokalt. Tok tak i det kommunale møtereglementet. Vi har hatt eit tettare auge enn før mot kommunene sine postjournalar og offentlegheitspraksis. Har fått medhald hjå Fylkesmannen omkring journalføring av klager på regional legevakt. Ellers har vi freista å følge kampen om å halde vidaregåande utdanningstilbod i kommunene våre; den er framleis i gang- endeleg vedtak i februar 2013. Nokre av sakene blir plukka opp av NRK distriktskontor og sitert i nyhetsbulletinane.
Utfordringer:
Utvikling:
I samband med 25-årsjubileet til avisa arrangerte vi ei fotokonkurranse, som fekk overveldande stor og kvalitativt god deltaking. prisvinnar mottok fotoworkshop i premie.
Priser:
Nei.