Sogn Avis er partipolitisk uavhengig, men skal ha skarpe meiningar også om politiske parti. Me skal i det daglege ha fokus på nyhende der eitt av måla er å setja dagsorden. Debattstoffet skal ha sentral plass i avisa.
Dei små nyhenda og dei gode historiane skal også ha viktig plass i avisa. Terskelen for å få spalteplass skal vera låg, men det er viktig at me gjer ei journalistisk vurdering av omfanget på stoffet.
Alle tilsette i Sogn Avis og Ingvald Husabø Prenteverk skal jobba for at det ikkje kjem feil på trykk i avisa. Fakta, namn og stadnamn SKAL vera rett. Dette arbeidet skal skje på tvers av avdelingane. Kjenslevart stoff, som dødslysingar, skal kontrollerast ekstra nøye.
Vær Varsom Plakaten er rettesnora vår i det journalistiske arbeidet. Kjelder som er misnøgde skal få tilbod om rask klagehandsaming i avisa. Me skal også bidra til at saker raskt kan bli handsama i Pressens Faglige Utvalg (PFU).
Redaktørens tilbakeblikk
Jan Inge Fardal
Sogn Avis
Nettadresse | www.sognavis.no |
Utgivelsessted | Leikanger |
Antall redaksjonelle årsverk | 16 |
Daglige brukere nett | 10000 |
Daglige brukere mobil | 6000 |
Lesere papir | 28000 |
Lesere totalt | 31000 |
Opplag totalt | 9055 |
Opplag papir | 8884 |
Opplag digitalt | 181 |
Klagesaker til PFU | 0 |
Fellelser PFU | 0 |
Prosentandel redaksjonelle årsverk | 50 |
Egne interne etiske retningslinjer | Ja |
Egen etikkansvarlig? | Ja |
Antall redaksjonelle sider | 6050 |
Prosent redaksjonelle sider | 75 |
Antall lederartikler | 252 |
Antall kommentarer på papir skrevet av egne medarbeidere | 130 |
Er det innført betalingsløsning på nett? | Nei |
Er det planer om å innføre betalingsløsning i løpet av 2013? | Ja |
Publiserer mediehuset egen årsrapport | Nei |
Oppdrag utført:
Janne Cirotzki kjempa ein knallhard kamp – ikkje for å overleva, men for å få leva litt lenger. Styresmaktene hadde bestemt at medisinen som kunne hjelpa henne var for dyr. Småbarnsmora kunne ikkje få tilgang til medisinen som kunne gjeve henne veker og månder meir med familen sin.
Etter at Sogn Avis skriev om kampen hennar, starta ei massiv mobilisering over heile regionen. Privatpersonar, lag og organisasjonar, kunstnarar og mange andre bidtrog til ein storstila innsamlingsaksjon. På få veker om det inn over ein milion kroner og Janne fekk meidisinen.
Ei viktig sak for Janne og familien hennar sjølvsagt, men også fordi me fekk sett søkjelys på korleis det mange meiner ei svært urettferdig og diskutabel ordning fungerer på.
Og det er no oppretta eit fond som kan hjelpa andre som kjem i liknande situasjonar som Janne. Ei sterk og viktig sak som engasjerte fleire lokalsamfunn.
Janne sovna stille inn i heimen søndag 1. mars. Medisinen som ho til slutt fekk tilgang til virka, men andre komplikasjonar gjorde at ho tapte kampen. Familien hennar er svært gad for at alt som gjerast kunne, vart gjort.
Sogn Avis vonar at denne historia skal gjera det lettare for andre som kjem opp i liknande.
Utfordringer:
Tidleg i november vart det sett i gang ein omfattande leiteksjon etter ungjenta Veronica Heggheim Stegegjerdet i Sogndal. Under leiteaksjonen, som pågjekk i fleire veker, var det fleire «gode venner» av den sakna som stod fram i ulike medium. Det var utfordrande og vanskeleg for ei lokalavis å dekka ei sak som dette med alle rykte og alle påstandar som kom i eit lite bygdesamfunn - nokre formidla vidare av andre medium.
Det største dilemma fekk me den dagen ho vart funnen død i fjorden. Nesten samstundes med funnet, sat me i intervju med han som truleg var ein av dei siste som såg henne i live. Seinare vart han varetektsfengsla for andre forhold - medan bygdepraten gjekk. Sogn Avis valde å trykke saka med han same dagen som me fortalde om funnet av Veronica.